[Å VELGE RIKTIG SKOTYPE]
Det er alltid kjedeleg når du innser at dei perfekte skoa du har funne, er for vonde til å gå med.
Her er ei praktisk veiledning som skal hjelpe deg med å velge skoa som passar best for deg.
Sokkar
Når du skal kjøpe sko, er det viktig at du prøver dei saman med den typen sokkar du tror du kjem å ha på deg når dei skal brukast. Ta gjerne med deg eit ekstra par, slik at du får prøve skoa skikkeleg.
Lengde
Skoa skal være cirka éin centimeter lenger enn foten, slik at tærne har plass til å bevege seg.
For å unngå gnagsår, mål lengda på foten fra helen til tuppen av den lengste tåa. Merk at det ikkje nødvendigvis er storetåa!
Skobreidde
Skoen bør sitte tett på foten der den er på sitt breiaste, for å hindre gnagsår på grunn av at skoen gneg mot foten. Pass på at skoen ikkje trykker mot foten nokon stad. Dersom du ikkje kan vri på tærne, er skoa for trange.
Djupne
Overlæret bør ikkje presse mot overfoten, spesielt tuppen. Trykk av denne typen kan gi hudirritasjon, negleproblem og tåkramper. Djupna på skoen er riktig dersom du kan bøye foten.
Prøving og feiling
Prøv alltid begge skoa. Hos dei fleste mennesker har høgre og venstre fot ofte forskjelleg størrelse, slik at du bør velge størrelsen til den største foten. Foten utvidar seg når du legg kroppsvekt på den, så pass på at du står oppreist.
Eit lite triks
Til slutt bør du gå rundt i butikken med skoa på. Til og med det mjukaste materialet vil kanskje ikke gi deg den rette komforten når du beveger deg. Du bør ha på skoa i minst 5–10 minutt, så behold skoen du er mest interessert i på den ene foten, og pass på å prøve andre sko på den andre foten samtidig som du går rundt i butikken så mykje som mogleg.
Spør oss gjerne om råd og hjelp.